Atelier & verkstad · Sandane

Kunst som pustar liv i rommet.

AnnaLåven er ein låve frå 1932 på Sandane — atelier og verkstad for måleri, trykk og tre. Kurs og utstillingar midt i fjordlandskapet.

AnnaLåven
Anna-Marie i arbeid

«Mormor Anna la grunnlaget for interessa mi for handverk, kunst og omsorg for menneska rundt meg.»

Kunstnaren

Ein låve med historie — og nytt liv

AnnaLåven er ein låve frå 1932 i eit koselig tun ved våningshuset frå 1920, sentralt på Sandane. Etter mange år med restaurering står ho no klar som atelier og treverkstad.

Eg maler, teiknar og lager grafiske trykk. I tillegg arbeider eg med tre og gjev behandling innan Healing og AuraTransformasjon. Malekurs er i gang igjen, der intuisjon, kreativitet og det «å sjå» står sentralt.

Anna-Marie Les meir
Workshops & Kurs

Slipp kreativiteten løs

Har du ein kunstnar i magen? I AnnaLåven arrangerer eg jamleg kurs for både nybyrjarar og vidarekomne. Utforsk fargebruk i måling, eller lær teknikkar innan trykk. Vi skaper, drikk kaffi og arbeider i inspirerande omgjevnadar.

  • ✦
    Malekurs der intuisjon, kreativitet og det "å sjå" står i fokus 24. okt. 2026 – 25. okt. 2026
Sjå kurskalender
Kursvirksomhet